onsdag 20. mai 2009

Tredje og siste samling om 23 ting om 2.0. Den finaste og mest interessante dagen. Både å høyra radioprogram på podkast og library thing har vori veldig artig. Har verkeleg hatt ein fin dag.
Har høyrt på Bok i P2 , vori innom Drammens bibliotek og bokpod og høyrt på anmeldelser om
ungdomsbøker m.m. Dette kan eg jo gjera seinare og!

fredag 8. mai 2009

8.mai 09. Er inne i andre kursdag på 23.ting. Vi har lesi om Flickr og høyrt om opphavsrett, mykje
eg ikkje har tenkt på før. Har ikkje lyst til å oppretta ein Yahoo konto .. Har fått hjelp til å følgja
Anniken og Lisbeths blogger på hovudsida. Har svart på Sunnivas kommentar om eg likte indiske bøker.. No ventar vi på lunsj..
Eit nytt boktips sidan sist. Les no ei flott bok frå Canada: På den andre siden av broen av Mary Lawson. Ei bok som mange vil lika. Vi følgjer m.a to svært forskjellige brør som ikkje likar kvarandre. Jake dett ned frå ei bru og storebror Arthur vert plaga av skuldkjensle. Boka vekslar mellom to tidsplan og nokre år fram i tid møter vi ein ung gut som forelskar seg i Arthurs kone.
Boka minner meg litt om Steinbecks bok: Øst for Eden.

fredag 24. april 2009

Favorittbøker

24.april09 . Som bibliotekar les eg mange bøker, men det er langt mellom dei store høgdepunkta. Likar svært godt den indiske forfattaren Jumpa Lahiri . Ho har tre bøker på norsk, novellesamlinga Lidelsesens tolk, romanen Navnebroren og novellesamlinga Fremmed jord. Bøker som eg anbefaler ofte og som mange likar.

Ein annan indisk forfattar som er favoritten for mange er Rohinton Mistry og da særleg boka Balansekunst. Ei bok du seint vil gløyma. Han har og to andre bra bøker på norsk,
Familieanliggender og Så lang en reise.
Ei anna flott bok eg har lesi i det siste, er av den kanadiske forfattaren Joyce Carol Oates. Vi fylgjer Rebecca gjennom eit heilt liv frå ho kjem til USA med familien sin til ho er i ferd med å døy av kreft. Familien vert utstøytt, faren mistar fotfestet og blir voldeleg .
Ho giftar seg med ein brutal mann som overvakar henne. Ho flyktar med sonen og får ny
identitet.